mandag 28. november 2011

Nytt blogginnlegg

Stakkars lille Hans har fått influensa. 


Det er nokre dagar si me har sett han slik:


Håper han blir frisk snart!

Her er Milrid før me skulle i Halloween-selskap. 
Eg vil ikkje kle ho ut som noko skummelt, men 
etterpå kom eg på filmen Planet of The Apes.
Ikkje alle apekatter er like søte som Milrid :)



fredag 28. oktober 2011

onsdag 12. oktober 2011

Haustferie i sol og varme

Me har hatt ein flott tur til Kreta!
Eg var spendt på å reise med to små, men det gjekk veldig godt! 
Det som var mest styr var flyreisa, og Hans var ikkje så flink til å sovne sjølv på dagane.
Men det var så herlig å vera ei veka i samen me fire, 
uten tv, data eller andre folk me måtte forholde oss til. 
Me bada mykje (i bassenget og i Middelhavet), slappa av i leiligheten, 
åt is og god mat, gjekk tur og leika på stranda. 
Me brukte lite tid på å lage mat, rydde og vaske opp :)
Då Milrid vakna om morgonen eller etter formiddagskvilen 
spurde ho alltid "ud? bada? eda?"
Og Milrid vart godt vandt i vatnet, dei siste to dagane flaut ho 
rundt med armringane utan at me haldt ho.











Dei to siste bildene er frå heimreisa, eit (sjeldent) roleg øyeblikk på flyet!
Heldigvis var det også godt å kome heim igjen.

tirsdag 20. september 2011

Det er fantastisk


...å få sjå to flotte unger smile og kose seg kvar dag! 
Eg liker meg i permisjon, og dagane går fort. 
Om to veker reiser me til Kreta (i ei veke), det blir herlig! 


søndag 14. august 2011

Hans Grove...

... vart født 21. juli, og var 3650 gram og 51 cm lang. Me er så heldige! Han er ein flott og rolig gutt! Milrid hadde vannkopper då Hans vart født, men nesten alle er forsvunne nå.





onsdag 13. juli 2011

Sommeridyll

Endelig kom sola, og Milrid og Mari har besøkt ei venninne i Norhordaland.
Me har hatt ein fantastisk dag full av andre ting enn venting,
som å gje mat til hønene, våre på rotur til ei lita strand, samla skjell,
leika med hundane og spist nysteikte lapper.
Etterpå besøkte me Christian på arbeid og grilla der.






lørdag 9. juli 2011

På stranda

Etter ei koselig veke med storfamilien Grove i Danmark var me ein liten tur ved sjøen
før turen gjekk tilbake til Norge igjen. Me var saman med faster Marianne, 
onkel Kim og ungane deira, og både store og små koste seg.







Nå er me i Bergen igjen og venter på at lillebror skal bli født!
God sommar!